• Metha i Lida

Angst

Dei siste dagane har det gått sakte men sikkert oppover med den psykiske formen, med tanke på nedstemtheit. Eg har fått meir energi, mindre tankekøyr, og det er lettare å fylle dagen med anna enn seriesjåing og soving. Eg føler meg meir våken, sover betre, og kjenner at eg kjem nærmare og nærmare å vere meg sjølv igjen for kvar dag. Eg kjenner at etter omlag fem veker der eg har kjent meg deprimert, har depresjonen begynt å sleppe taket. Og det er ei utruleg god kjensle.


Så kom dagen i dag. Dagen har vore god med tanke på energi, tankekøyr og motivasjon, og vanlegvis ville eg ikkje tenkt noko særleg over det, men etter kvart ba eg sambuaren min kome inn og trøyste meg.

"Kva er gale?" spurte han.


Eg hadde ikkje planlagt eit svar. Men sjølvsagt lurte han på det.


"Eg har angst." seier eg.


Ja, det er jo det eg har. Eg hadde berre ikkje klart å setje ord på det før då. Men når eg tenkte meg om, så var det så tydeleg.


Du veit den kjensla du får akkurat idet du veit du har gjort eller sagt noko dumt? Den klump-i-magen-vanskeleg-å-svelge kjensla, som gjer deg kvalm? Den har eg hatt i fleire timar i dag. Berre at eg ikkje kjem på kva det er eg har gjort som er så dumt. Eg trur faktisk ikkje eg har gjort noko som er så dumt i dag. Men kroppen min skriker jo at eg har det, så då må det vere noko der?


Dette skjer heile tida. Heldigvis sjeldnare no enn for eit par år sidan, men framleis ofte. Eg føler på kroppen at eg har gjort noko forferdeleg dumt, og at eg enten må flykte landet, eller be om unnskyldning til alle eg kjenner berre for sikkerheits skuld. Det er som når Frodo tar på seg ringen i Ringenes Herre, og Saurons auge vert fiksert på han. Og ja, i denne analogien er eg Sauron - herskaren over alt det onde. Men uansett! Når eg først får denne kjensla, så er det ALT eg fokuserer på. Sjølv om eg går gjennom heile dagen steg for steg, alle samtalar, alle interaksjonar, og ikkje finner noko som eg synes er gale, så slepper ikkje følelsen. Då tenkjer eg i staden at eg er så skada at eg har blokka det frå hukommelsen, eller at eg hugsar alt heilt feil.


Difor er det gull verdt å ha ein som min kjære sambuar. Eg spurte han rett og slett om eg har gjort noko forferdeleg i dag. Han lo litt og sa han trudde ikkje det, og at uansett om eg hadde det, så ville han vere glad i meg.


Det at eg fekk satt ord på det som føregjekk, og fekk sagt kva bekymringa mi var, halverte angsten med ein gong. Det er så rart med det. Psykologen min har sagt mange gonger at berre det å identifisere det ein går og føler på, og anerkjenne det, vil lette på trykket, og gjere det lettare å akseptere det, og gå vidare. I dag fekk eg faktisk opplevd det medan det skjedde, i staden for å resonnere meg fram til det i etterkant.


Eg har framleis angst, forstå meg rett. Det føles framleis ut som om eg har drept nokon og valgt å gløyme det, som om eg lever i ein dårleg psykologisk thriller, der plot-twisten til slutt er at eg er mordaren, og klumpen i magen var sanninga som ville kome fram. Men no veit eg kva den klumpen er. Det er ikkje ei sanning som prøver å fortelje meg at eg har gjort noko gale, eller at eg er ein dårleg person. Det er angst.


Angst er ubehageleg som berre det, men det er ikkje farleg. Så angst skal eg klare. No når eg veit kva det er.


Og til alle andre der ute med angst: Eg heier på deg!


Klem, Metha



©2020 Metha i Lida

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now