• Metha i Lida

Ballerina på utstilling

Hei! Eg har vore så heldig at Førdehuset ringte meg og spurte om eg var interessert i å henge to maleri til utstilling ved inngangen til Førdehuset! Det hadde eg sjølvsagt veldig lyst til, og eg var nesten ferdig med denne ballerinaen då dei ringte, så eg gjorde den ferdig og stilte den ut ilag med spekkhoggaren, som eg så snilt fekk låne av mamma. Ballerinaen er til sals!


I tillegg heng no to maleri bak skranken inne på Førde Bibliotek - Båtturen og Nasjonalromantikk - som òg er til sals. Håpar de likar dei!


©2020 Metha i Lida

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now