• Metha i Lida

BOKSLEPP: Ingen må vite det

Torsdag, 24. oktober var det bokslepp for boka mi "Ingen må vite det" på Førde Bibliotek. Eg må berre seie tusen takk til alle som tok seg tida til å kome! Det var ein utruleg fin kveld, og eg håpar de som var der synest det same.


No er boka til sals i alle bokbutikkane i Førde, i tillegg til hos Selja Forlag, og den er i dei fleste nettbutikkar, for dei som ønskjer å kjøpe den. I tillegg sel eg eksemplar som er signerte. Dersom nokon er interessert i det, så er det berre å ta kontakt :)


Dersom du les boka, og kjenner at du brenner inne med nokre spørsmål, så håper eg ikkje du nøler med å ta kontakt. Heile formålet med boka er å starte ein open og ærleg dialog, og eg vil gjerne høyre input, og svare på spørsmål :) Prøve i alle fall! Det er viktig at vi prater om ting <3



#studio #cleaning #organization

©2020 Metha i Lida

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now