• Metha i Lida

Det eg hadde gløymt om depresjon

No er det to år sidan sist eg var deprimert, og dei som har lese boka mi veit at det ikkje var ei oppleving eg hadde lyst å oppleve igjen. Heldigvis er ikkje depresjonen like tung denne gongen, og sjølvmordstankar har ikkje meldt seg. På den måten, og på mange måtar, er denne depresjonen annleis enn den eg hadde for to år sidan, men det er òg mange likheitsteikn.


Det som er annleis er at eg for to år sidan gjekk og holdt alt for meg sjølv. Snakka ikkje med nokon om noko av det eg gjekk og tenkte på, eller korleis eg hadde det. Det at eg ikkje fekk sove på natta. Det at eg sov mykje på dagen. Eller berre låg og kvilte. Det at eg følte meg apatisk. Det at så godt som alle tankane mine var negative. Dei tinga som gjorde at eg følte mykje skam og frykt for at folk skulle finne ut at kva som eigentleg foregjekk.


Denne gongen har eg vore ærleg om det. Sjølv om depresjon er ein isolerande sjukdom, som i seg sjølv prøver å hindre ein i å dele korleis ein har det, så delte eg det. Det må jo vere ein god ting?


Det som er likt er at eg tenkjer òg denne gongen at grunnen til at eg tenkjer negativt er fordi eg er ein dårleg person. Sjølv om eg er veldig klar over at eg er deprimert, så tenkjer eg framleis at tankane er mine, og energifattigheita er innbilt. Og no kjenner eg skam fordi eg har vore ærleg om dette, og dermed veit "alle" at eg går rundt og tenkjer sånn. At det er tungt for meg å stå opp. Tungt å vere sosial. Tungt å fungere som vanleg.


Det som er likt er at eg har utruleg lyst å kome meg ut av det her, men eg finner ikkje motivasjon, viljestyrke eller energi til å gjere dei tinga eg veit kan hjelpe meg ut av det. No har eg til og med ein "Kriseplan" frå psykiatrisk avdeling, der det står kva eg skal gjere dersom eg føler meg sånn her. Eg trudde difor det ville vere mykje lettare å faktisk gjere det når eg blei deprimert neste gong. Men berre fordi eg veit kva som hjelper, så gjer det ikkje meg mindre deprimert. Det gjer ikkje det lettare å faktisk gå ut av senga og ut på tur. Det er framleis like tungt. Og like uønska. Berre at eg no i tillegg føler meg som ein idiot, fordi eg har det skrive svart på kvitt at det er det eg skal gjere i dette tilfellet, og det er det som hjelper.


Så ja, depresjonen er ikkje lettare fordi eg veit meir om kva depresjon er, og korleis ein kjem seg ut av det. Logikk er ikkje det som gjer depresjonen lettare. Den er lettare fordi eg ikkje sit i det åleine. Eg veit innst inne at dei rundt meg veit kven eg er, og at når eg er sånn som det her, så er eg ikkje heilt meg sjølv. Difor treng eg ikkje å late som. I alle fall ikkje like mykje som eg har lyst å late som.


Det eg hadde gløymt om depresjon var i kor stor grad det får hjernen og kroppen til å jobbe imot ein. Dersom ein ein dag føler seg lettare til sinns, og tenkjer "No kan eg gå meg ein tur", så er kroppen der for å minne ein på at den er tom for energi. Og då er det fort å bli tung til sinns igjen. Eg hadde gløymt at ein kan tenkje så logisk om depresjon som ein berre vil, men det er lettare å gi etter for "Eg orker ikkje", enn å lytte til "Dersom eg går meg ein tur no, så kjem eg til å føle meg bedre", når alt i kroppen skriker UTSLITT.


Eg hadde rett og slett gløymt kor tungt det er å vere deprimert. Det høyres kanskje rart ut, for det er jo det ein veit om depresjon; at det er tungt. Men ordet "tung" må få ein ny definisjon viss det skal passe til depresjon.


Så til alle andre som har ein tung periode: Eg ser deg, og eg veit kor tungt det kan vere. Men bli med meg å prøve å kjempe imot. Og så må vi hugse å rose oss sjølv for det vi faktisk får til.


I går gjekk eg ein tur, og det er eg stolt av. Eg er òg veldig glad for at det var mykje mindre slitsomt å gå på tur i går enn det var forrige veke. Beina mine var ikkje like fylte med bly denne gongen (små seierar, yay). I dag har eg mala, og det er eg òg stolt av. Begge desse er små ting, som eg skal blåse opp og vere så stolt av som eg berre kan.


Vi må finne små ting som vi kan gjere og gje oss sjølv ein klapp på skudra for, og så gir vi oss sjølv tjue klapp på begge skuldrane for den lille tingen. Fordi vi fortjener det for faen. Depresjon suger, og alt vi gjer for å seie "Føkk deg, depresjon" må feirast, og delast om du vil det, for det er eit steg i riktig retning.


Så, kjære depresjon: Føkk deg. Eg skal trene på Puls i dag. Sjølv om eg ikkje har lyst. Men eg har litt lyst, sånn eigentleg. På ein måte.


Ugh, depresjon er vanskeleg.


Klem, Metha



©2020 Metha i Lida

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now