• Metha i Lida

Ein hyllest til sinnet


Hei!


Eg har bestemt meg for å ha ein utstilling til! Eller, eg bestemte meg for ei stund sidan, men no tør eg å seie det høgt :) Og denne gongen skal eg ha fokus på noko som eg synes er veldig spennande - mennesket sin psyke.


Eg byrja å male medan eg var i ein djup depresjon, og det var då eg fann ut at maling er ein måte å tømme hovudet for alt rotet og bråket som kan dominere hos meg. Og ikkje berre var det ein form for meditasjon, men til slutt satt eg igjen med eit produkt som eg hadde laga sjølv! Etter det var eg frelst.


Eg mala først mest natur, og såg for meg at det var det eg kom til å halde på med, men så etter kvart fekk eg lyst å uttrykke meir det som skjedde på innsida, eller det som hadde skjedd på innsida tidlegare. Det hadde jo vore mørkt, lyst, håplaust, morosamt, og alt imellom hos meg, og det var veldig spennande å prøve å få ei kjensle ned på lerretet, i staden for eit "fotografi".


Men det tok tid før eg turte å dele det. Og eg har framleis ikkje turt å dele alt. Men utifrå tilbakemeldingane eg har fått, så skjønar eg no at alle er interesserte i det som samlar oss. Vi har alle dårlege dagar og periodar, og vi veit alle korleis det føles å vere forbanna, eller lei av alt. Og vi veit alle kor deilig det er å vere lukkeleg, høg på livet, forelska og ha det godt. Uansett korleis vi har det, så er det éin ting vi har til felles til ein kvar tid: Sinnet.


Sinnet går opp og ned hos alle, sjølv om det hos nokre går lenger opp og/eller ned til tider. Men vi veit alle kva det vil seie å vere trist, redd, glad, sint og skamfull, og det er det denne kunstutstillinga kjem til å handle om - at vi er meir like enn ulike, og uansett om vi er høgt oppe på ein fjelltopp eller langt nede i ein dal, så har vi eit grunnleggjande behov for å dele det med andre. Eit behov for å bli sett, høyrt og forstått.


Forhåpentlegvis kan maleria i denne utstillinga minne folk på at uansett om noko ikkje er vakkert, så er det verdt å dele.


Eg håpar å sjå deg der!


Info står på plakaten under.


- Metha



©2020 Metha i Lida

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now