• Metha i Lida

Kva no?









Etter å ha snakka med psykologen om kvifor i alle dagar eg vart deprimert då eg burde vore glad og stolt over at utstillinga gjekk bra og boka var kome ut, har eg (les: psykologen) funne ut kva problemet er. Nettopp det. Eg slit veldig med å akseptere korleis eg har det, kva eg har lyst til og kven eg er, fordi eg fokuserer mest på korleis eg føler eg burde ha det, kva eg føler eg burde ha lyst til, og kven eg føler eg burde vere.


Eg føler at eg burde vere glad no. Eg hadde ei kunstutstilling som gjekk bra, og eg har gitt ut bok. Det er ting ein burde vere stolt av. Og eg er jo det. Litt. Men det er vanskeleg å fokusere på det når eg føler eg ikkje har ein plan framover.


Eg føler eg burde vite kva eg har lyst til å gjere resten av livet mitt. Og eg føler det eigentleg burde vere ein trygg, 8-4 jobb med fast inntekt. Og eg føler eg burde ta ei utdanning for å sikre meg ein sånn jobb.


Eg føler eg burde vere meir normal, og med det meinar eg å ønske å leve livet som dei fleste.


Problemet er at eg eigentleg har hatt det tungt dei siste vekene fordi dei siste månadane har vore så intense og utruleg gjevande, at det å skulle gå frå det til å "begynne på det normale" ikkje var fristande i det heile tatt. Eg har ikkje lyst å gå frå det til å lese til eksamen. Eg har lyst å leve dei siste månadane om igjen. Eg har lyst å male. Ha ein deadline eg må halde. Eg har lyst å researche bokidéane eg har, og skrive meir, og lære meir. Eg har lyst å prate meir med folk om psykisk helse, og halde dei foredraga eg har blitt bedt om å halde. Det er det eg har lyst til. Det er tanken på desse tinga som gir meg energi. Livsglede.


Ja, det er framleis ei lita (ok, den er framleis stor) stemme som seier at eg "burde" gjere ditt og datt. Men no har eg faktisk vore så heldig at eg snakka med NAV og psykologen min, og dei seier begge at eg skal ta meg ein pause. Kome meg ut av denne depresjonen, og ikkje tenkje noko på framtida. Eg fekk faktisk streng beskjed av psykologen min om å prøve så godt eg kan å ikkje tenkje framover, berre vere her og no, og leike meg. Ja, ho sa "leik deg". Med ein sånn beskjed frå dei begge, så har eg faktisk ikkje samvit til å øydeleggje dei neste to månadane med å stresse over framtida. Kor ofte får man i lekse å leike seg, og berre gjere ting ein har lyst til, og som gjer ein glad?


Så for å svare på spørsmålet "Kva no?", så kan eg berre svare at NO skal eg leike meg. Einaste eg har på planen no er at eg skal male ferdig bestillingane. Kva eg skal i framtida har eg ikkje peiling på. Og eg skal fokusere på å akseptere det, og på å pleie psyken og sjela, sånn at eg kjem meg ovanpå igjen. Etter det kan eg begynne å tenkje litt meir framover. Men ikkje no.


Heilt til slutt har eg lyst å utfordre deg til å gjere det same:


Leik deg! Gjer ting som gjer deg glad, for ingen anna grunn enn at det gjer deg glad. Det kan vel ikkje skade?


Klem, Metha

©2020 Metha i Lida

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now