• Metha i Lida

OPENHEIT <3

Eg er såååå glad for at eg valgte å dele korleis eg hadde det forrige veke. Altså, NO er eg det. Rett etter at eg skreiv innlegget, så angra eg. Eg var på veg inn for å slette det fleire gonger, men som eg har lært å gjere når eg har det sånn her, så gjorde eg det motsatte av det eg har lyst til: Eg delte det på Facebook.


Eg fekk sjølvsagt angst av det òg, og unngjekk Facebook resten av dagen. Eg var så redd for at alle ville tenkje at eg syta og klaga. At eg no har blitt "ein av dei" (kven er "dei" uansett?) som bruker Facebook til å fylle opp ego-koppen når dei trenger å høyre at folk er der for dei. At eg holdt på å bli ei som berre lider av synd-på-meg liding.


Men det eg fekk var støtte. Forståing. Medkjensle. Kjærleik. Folk delte med meg at dei sjølv sleit litt no, sjølv om dei følte at dei ikkje hadde ein "rett" til å slite, og difor følte at dei måtte skjule det. Folk som følte skam fordi dei ikkje var like høgt oppe som dei pleier å vere, og difor følte seg som ein byrde for dei rundt seg. Folk som kjente på mykje det same som meg.


Eg er ikkje åleine.


Og det trur eg er ein av dei viktigaste tinga å bli mint på, kanskje spesielt når ein har det vondt. Når ein er langt nede føler man seg ofte (les: alltid) åleine. Trur eg. Eg, i alle fall. Det eg er best på når eg er langt nede, er å finne bevis på at det går utruleg bra med alle rundt meg, og å finne grunnar til kvifor eg ikkje skal dele at eg ikkje har det bra, fordi då kjem eg til å øydeleggje deira glede. Men ein er aldri åleine.

Anten det er familiemedlem eller vener som minner ein på at dei er her for ein uansett, eller om det er andre som slit, og som seier "Eg veit korleis du har det, for eg har/har hatt det sånn sjølv", og at vi kan støtte kvarandre ut av det. Eg må berre seie det: DET HJELPER.


Denne helga var eg i Bergen, og for å forsikre meg om at eg faktisk drog, så kjøpte eg bussbillett etter psykologtimen på onsdag forrige veke. Det er tross alt litt vanskelegare å avlyse turen, når ein allereie har betalt meir enn seks hundre kroner for den. Så det var det eg gjorde. Og eg er så utruleg glad for at eg gjorde det. Igjen: NO er eg glad for at eg gjorde det. Eg må innrømme at eg måtte tvinge meg til Bergen, og då eg kom til Bergen, måtte eg tvinge meg ut. For the record, så har det ingenting med venene eller familien min å gjere, for eg er så utruleg glad i dei alle, men eg hadde berre ikkje lyst eller ork. Når eg ikkje er heilt der at eg kan vere glad og sprudlande heile tida, så får eg sånne kjensler. Sånn er det berre. (Lett å seie "Sånn er det berre" no, men eg føler ofte avsky for meg sjølv for å ha nettopp desse kjenslene.) Men det gjeld berre å kome meg ut døra. Når eg først møter venene mine, eller er med familien, så klarer eg å slappe av, og eg føler meg betre. Og denne helga fekk eg etterlengta kvalitetstid med søstera, brodern og tanteungane, og eg fekk vore med mange av venene mine som eg vanlegvis unngår når eg har det sånn.


Som vanleg, så tenkte eg at ingen av dei ville skjønne korleis eg har det no, sidan dei fleste av dei nyleg har begynt i jobb, og no er "i gang med livet", som eg har tenkt. Medan eg ikkje aner kva eg skal gjere med mitt. Men det var ikkje det som skjedde. Dei sa at dei hadde lese innlegget mitt, og kjente seg veldig igjen. Ein del sa dei kjente seg igjen i den "har ikkje lov å vere noko anna enn glad"-tankegangen, men at dei tenkte slik nettopp fordi dei nettopp hadde fått seg jobb. Dei følte at dei ikkje mestra jobben fort nok, eller dei ikkje var "glade nok" for at dei hadde fått seg fast jobb etter studiet. Nokon andre sa dei følte litt på frykt, fordi dei hadde innsett at dei no "skulle jobbe med detta resten av livet". Medan andre sa dei vurderte å bytte karriere-/studieretning, og hadde mange komplekse kjensler rundt det.


Poenget er at LIVET ER KOMPLISERT. Og det er veldig mange av oss som går rundt med komplekse kjensler om det som skjer i liva våras. Eg er berre utruleg glad for at eg klarte å vere ærleg om korleis eg har det, fordi det hjalp meg å bli kjent med alle eg møtte i helga på eit djupare nivå. Og eg føler at eg har fått ei sterkare kjensle av takknemlegheit for dei. Og meir forståing for meg sjølv, og den situasjonen eg er i, som har tatt over plassen til litt av skammen og sinnet eg hadde mot meg sjølv. For dersom dei flotte folka i livet mitt tenkjer og føler det slik, då må det virkelig gjelde oss alle, på eit eller fleire tidspunkt i livet.


Så eg klarte å følgje planen min. Eg drog til Bergen, og eg møtte mange av dei eg ville sjå, og eg var ærleg, og eg var meg sjølv akkurat som eg var der og då. Eller, eg prøvde sjølvsagt å vere litt meir "upbeat" enn eg følte meg, men eg laug ikkje om korleis eg hadde det. Og i dag føler eg meg betre. Ikkje heilt bra, men betre. Eg har verkeleg fått bekrefta at OPENHEIT er ein av nøklane ut av tunge periodar. Ein blir mint på dei flotte menneska ein har rundt seg. Eg vart mint på det nettverket eg har rundt meg, som berre er ei melding unna. Det beste nettverket i heile verda, som eg skal prøve alt eg kan å ikkje undervurdere igjen.


Altså, sjå på dei fine veninnene mine som eg hadde brunsj med på laurdag då <3




©2020 Metha i Lida

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now