• Metha i Lida

På tide å vere ærleg

Hei!


Eg har oppfordra dei rundt meg til å vere meir open og ærleg om korleis dei har det – til og med i dei dårlege periodane. Eg visste at eg bad om mykje. Det er fort å føle at vi «byrder» eller «belastar» dei rundt oss med å informere om at vi ikkje har det bra, sjølv om vi aldri sjølv ser på det som ein byrde eller belastning når ein vi er glad i ikkje har det bra, og gir beskjed.


Vi har alle oppturar og nedturar, og ein del av kvardagen eg har lyst å skape for meg sjølv er den der eg og dei eg er glade i, føler at vi kan vere heilt oss sjølve. Og for å vere heilt oss sjølve må vi kunne vere kjipe av og til. Trøytte. Slitne. Kjedelege. Nedfor. Sjuke. Deprimerte. Fordi eg trur at dersom vi deler dette, så er det lettare å kome oss vidare. Eg meiner ikkje at vi skal ignorere smerta eller nedturen, og eg meiner heller ikkje at vi skal bade i den, men at vi skal anerkjenne den, og så jobbe for å kome oss vidare.


Så kvifor skriv eg om dette plutseleg? Jo, eg føler meg nedfor.


Sidan boksleppet har eg følt meg nedfor. Ganske tom. Slita. Trøytt. Umotivert. Eg har ligge mykje i senga, latt vere å gå ut, unngått folk, sove mykje. Ein skulle tru at eg var førebudd på det – eit halvt års arbeid med førebuingar til kunstutstilling og bokslepp, dei fleste ville vel skjønt at det ville gå litt nedover etter all den oppbygginga – men det var eg ikkje. I staden for har eg skamma meg.


Eg skammar meg fordi eg har så mykje å vere glad for no, og difor burde eg ikkje vere nedfor. Eg har vore sur på meg sjølv fordi eg ikkje har nytt at ting har gått såpass bra som det har. Eg har vore redd for at folk skal tenkje noko vondt om meg som ikkje er sant. Eg har vore redd for at folk skal tenkje noko vondt om meg som er sant. Eg har følt at eg ikkje har ein plass å gå herifrå, og har kvidd meg til å høyre spørsmålet «Kva no?». Eg har kvidd meg for framtida, fordi eg framleis ikkje aner kva eg vil. Verst av alt, eg har IGJEN prøvd å skjule korleis eg eigentleg har hatt det for vennar og familie.


Når dei har spurt korleis det går, så har eg tenkt at dei sikkert vil høyre om dei kjekke tinga. Dei tinga eg sjølv sikkert burde fokusere på. Det som er gøy og lett å prate om. Det får meg sikkert i betre humør òg, sant? «Jo, det møtte så og så mange på boksleppet, og det vart solgt så mange bøker.» Lett å prate om. Matematikk. Tall. Men eg følte meg ikkje betre av å snakke om det. Fordi eg snakka ikkje om dei tankane og bekymringane som opptar all plass i hovudet mitt om dagane. Dei er ikkje like lette å prate om som tall.


Kjensler er litt vanskelegare. Komplekse.


Sjølvsagt er eg glad for at boksleppet og utstillinga gjekk bra. Men eg har veldig mange andre kjensler og tankar enn det. Og det er desse som er vanskelege å dele. Men det er desse eg ønskjer å dele no, slik at eg beviser for meg sjølv at eg klarer å gjere det eg sa eg skulle gjere (sjølv om eg har skrive fire ulike versjonar av dette innlegget, og sletta dei igjen fordi eg angra), og det fleire har sagt til meg at dei sjølv skal byrje med.


Eg hadde eigentleg kome fram til at eg kunne gjere det eg har gjort før – å vente til eg kan skrive «No har eg hatt det tøft i ein periode, men no går det betre!» – men nok! Denne gongen skal eg klare å seie at eg har det litt tøft akkurat no. Og at det òg er greitt. For eg veit at det vil gå betre. Og eg skriv dette innlegget fordi eg veit at det vil gå betre fortare dersom dei rundt meg veit korleis eg har det.


Så lat oss vere ærlege! Akkurat no har eg det litt drit. Og det er greitt. Som eg skreiv i boka, så har eg ein plan for når eg har det sånn her. Og eg og sambuaren min er i gong med å følgje planen, med faste måltider, tur, regelmessig søvn og open kommunikasjon. Eg hadde time med psykologen min i går, der eg var heilt ærleg om korleis eg hadde det. Ho sa at det virka som ein depressivitet har satt sine klør i meg, og at eg no må kjempe imot. Så vi laga ein plan for kva eg skal gjere til neste veke for å hjelpe meg å kjempe imot. Og det skal eg gjere. Sjølv om eg føler at eg ikkje orker, eller ikkje har lyst. Fordi eg har lyst å få det betre.


Så til dei som les, og som har det bra: Hurra! Glad på dine vegne!


Til dei som les, og som har det heilt ok: Det er òg heilt greitt. Og om du vil, så spør nokon om du kan få ein klem (viss du er ein klemmeperson). Folk gir veldig gjerne ut klem, uansett!


Til dei som les, og som ikkje har det bra: Det er heilt ok å ikkje ha det bra. Det er lov å seie at du ikkje har det bra. Sei det til ein person du er glad i, eller ein du stoler på. Det blir mykje betre med ein gong nokon veit om det, for då vil du sjå kor dei rundt deg stiller opp. Og NEI – du er ikkje ein byrde.


Ingen av oss er ein byrde. Vi er ikkje sytete dersom vi ikkje har det bra. Vi er menneske. Og det er menneskeleg å vere menneske. Det er ikkje mykje å gjere med det. Så slutt å prøve å vere noko anna. Berre ver deg. På gode og dårlege dagar. Og del det med andre.


Fordi du er perfekt akkurat som du er – på gode og dårlege dagar.


Virtuell klem frå Metha



©2020 Metha i Lida

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now