• Metha i Lida

Refleksjonar over 2019

Siste dagen i året er det naturleg å reflektere litt over korleis året som har vore har gått, i tillegg til å gle seg til (og vere veldig spent på) året som kjem. Eg må innrømme at eg trur dette er første gongen i livet mitt eg både har hatt eit smil om munnen når eg tenkjer på året som har vore, og på året som kjem. Her er nokre av grunnane:


2019:


- 2019 var året der eg fekk gjennombrot i terapien, og byrja å gjenkjenne at eg har ein sjølvkritikar inni meg som hindrar meg i å leve livet mitt. Eg byrja å kunne skilje sjølvkritikaren sine tankar frå det eg faktisk tenkjer sjølv. Resultatet er at eg har blitt meir fri til å vere meg sjølv. Eg har sjølvsagt langt igjen å gå her, men det er godt å vere på veg.


- I 2019 valgte eg å vere open med alle rundt meg om dei psykiske plagene eg har hatt, og eg har ikkje angra eitt sekund. Antall samtalar eg har hatt, og menneske eg har blitt kjent med som følgje av det, er så verdifullt, og eg er så takknemleg for alt.


- 2019 var året eg bestemte meg for å vise tekstane mine til nokon - først familie, og så forlag. Og eg fekk napp! Det er framleis uvirkelig at mine ord no er i ein fysisk bok, og at den boka er i butikkane rundt omkring i Noreg. Skriving har blitt endå kjekkare sidan, og eg er overbevist om at det er noko eg kjem til å gjere heile livet. Pluss at det å jobbe med boka vekte til live bokormen i meg igjen, og eg har funne lesegleden, som har vore vekke i eit par år.


- I 2019 hadde eg mi første kunstutstilling! I tråd med å drite i sjølvkritikaren, og gjere det eg har lyst til, så stilte eg ut maleria mine på Førdehuset i år, og maleri vart faktisk solgte! Eg er framleis så takknemleg for alle som kom, eller sendte melding, og for dei som kjøpte maleri eller foto, som no heng på veggen!


- I 2019 meldte eg meg av bachelor i psykologi. Dette rekna eg først som eit nederlag, fordi eg har slutta på "endå eit studie", men eg ser no at å gå på det studiet berre gav meg angst, og det var noko eg gjorde berre fordi eg følte eg måtte. Utdanning er jo noke ein "må ha". Men med ein gong eg meldte meg av, kjente eg at eg vart meir kreativ i tankegangen med kva eg skal drive med i livet, og det er eg no takknemleg for. Utdanning kan ein alltid ta - det må ikkje vere no.


- I 2019 starta eg enkeltpersonforetak! Det var mest for å vise meg sjølv at eg tør å satse på meg sjølv, og at eg tar kunsten så seriøst som eg har lyst å gjere.


- I 2019 har eg byrja å vere meir sosial igjen. Eg har framleis eit stykke å gå, men er i gong. Dette er noko som er litt vanskeleg å snakke om, men etter å ha vore deprimert og sjuk veldig lenge, og dermed isolert frå vennane sine, for så å gå gjennom intensiv terapi der ein eigentleg berre har overskot til familie, så er det eit lite tiltak å strekke ut ein arm til vennane igjen dei første gongene. Eg var redd for at eg hadde gått glipp av for mykje. At eg hadde vore for fokusert på meg sjølv. Sagt nei for mange gonger. Men heldigvis har eg fantastiske, forståelsesfulle og tålmodige venner, som har vore der for meg heile vegen. Det er veldig deilig å kjenne på overskot til å vere med andre, og bli deltakande i deira liv igjen.


- 2019 har vore eit godt, stabilt og nydeleg år for meg og min kjære. Eg trudde aldri eg kom til å finne ein som eg ville føle meg trygg med, glad ilag med, og etter så lang tid framleis vere så forelska i.


- 2019 har vore eit år der familien igjen har vist at dei alltid stiller opp, støtter og elsker ubetinga. Det finnes ikkje ord.


- I 2019 har eg fått sett tantebarna mine vekse, noko som er det finaste i verda.


2020:


- I 2020 skal eg utforske kreativiteten endå meir, og leike meg med teknikkar og fargar, og tenkje mindre på resultat medan eg jobbar med noko.


- I 2020 skal eg finne ut korleis ein driv eit enkeltpersonforetak, og korleis ein kan få det til å vekse. Dritskummelt, men òg spennande!


- I 2020 skal eg finne ein deltidsjobb, der eg kjem meg ut og møter mennesker, og får utfordra meg sjølv, men samtidig har tid og overskot til å drive med kunst og skriving. Skummelt, men gøy!


- I 2020 skal eg halde fram med dei skriveprosjekta eg har byrja på i 2019, og forhåpentlegvis bli ferdig med eitt av dei.


- I 2020 skal eg sjå tantebarna mine vekse endå meir, og nyte kvart sekund.


- I 2020 skal eg bli flinkare å ta vare på min fysiske helse, i tillegg til min psykiske helse.


Sist, men ikkje minst, så skal eg halde fram med å jobbe med meg sjølv, og prøve å ikkje dømme meg sjølv for hardt når eg tar nokre steg tilbake, i staden for fram. Eg skal prøve å snakke til meg sjølv som eg ville snakka til ein anna eg er glad i, og vere tålmodig med meg sjølv.


Viktigst av alt: EG SKAL KOSE MEG OG HA DET GØY.


Det er målet mitt.


Lag gjerne di eiga liste over ting som har farga ditt 2019, og kva du gler deg til, eller håpar å oppnå i 2020! Det er veldig kjekt å tenkje på, og det er godt å sjå det svart på kvitt.


Godt nyttår, vener <3

Klem, Metha




©2020 Metha i Lida

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now