• Metha i Lida

Til deg som får angst av korona

Hei!


La meg først berre seie at eg håpar alle som les dette har det bra, og tar godt vare på seg sjølv og dei rundt seg. Utifrå det eg har sett, ser det ut som dette er tilfellet for dei aller fleste. Noko som er nydeleg å sjå.


No er det mange artiklar ute og går om korona, og dei fleste av dei er stress-induserande. I alle fall for meg. Vi får oppdateringar på kor fort det spreier seg, kor farleg det er, og kor viktig det er at folk no held seg heime og stort sett isolerer seg uansett.


Men det som det ikkje står så mykje om, er korleis vi skal kome oss gjennom denne perioden med lite sosial kontakt, dei nye reglane (som jo endrer seg heile tida, og forvirringa som kjem med det) og alt stresset som kjem med ein nasjonal krise. Det står ikkje mykje om korleis vi skal kome oss gjennom dette psykisk.


No er det jo sånn at eg har ei bipolar liding. Heldigvis har eg gått i terapi lenge, og kjenner igjen mine eigne symptom. Difor veit eg at eg ikkje er på veg inn i ein depresjon. Eg veit at eg klarer å halde angsten i sjakk. Foreløpig, i alle fall. Ein av grunnane til dette er at mesteparten av mine angstlettande aktivitetar er heime. Det som hjelper meg å føle meg betre er å skrive, male, teikne og meditere. Alt det kan eg gjere heime. Likevel kjenner eg på angst! Likevel. Eg kjenner ingen som er direkte påverka av viruset, og det er mange som har det verre enn meg. Likevel kjenner eg på angst. Likevel.


Dette er langt ifrå tilfellet for alle. Og no var eg så heldig at eg var på ein god plass då alt dette starta. Hadde eg vore på ein mørk plass, hadde eg nok ikkje takla denne situasjonen bra. Og hadde eg ikkje hatt moglegheita til å gjere alle aktivitetane mine som hjelper meg, så hadde det nok heller ikkje gått så bra.


Så til deg som letter angst ved å gå på treningssenteret og trene. Til deg som treng tid frå ungane dine for å lade, men no ikkje får den tida. Til deg som er avhengig av ein aktivitet du no ikkje kan gjere på grunn av dei nye reglane. Eg ser deg. Og eg vil berre seie at det går over. Det kjem til å bli betre. Eg veit, det er ikkje alltid det hjelper å høyre det. Men eg vil berre seie det, fordi sist eg var deprimert, sa psykologen min nettopp dette om depresjon. Noko som eg ikkje i det heile tatt fant betryggande då. Ho sa: "Det einaste vi veit sikkert om depresjon, er at det går over." Eg tenkte berre "Det hjelper meg jo ikkje no." Men det gjorde det. Og det gjer det. Fordi når eg følte meg stressa, deprimert og angstfull etter det, så var den lille stemma der. Det går over. Og det gjer dette òg. Kvardagen kjem tilbake.


Det betyr ikkje at situasjonen no ikkje suger. Det betyr ikkje at det ikkje er vanskeleg for mange akkurat no. Og det betyr IKKJE at du skal vente med å ta vare på deg sjølv til dette er over. Eg håpar inderleg at alle klarer å finne tida og energien til å ta vare på seg sjølv opp i alt dette.


Ikkje skam deg for at du ikkje har det bra. Vi reagerer ulikt på mykje. Nokre reagerer sterkare. Det betyr ikkje at den personen er svak. Det betyr berre at du må kanalisere din indre badass og seie til ein du er glad i at du ikkje har det bra, og gjerne kva du treng for å få det betre. Treng du at søstera di sjekker inn kvar dag for å spør deg korleis du har det? Treng du berre å ha veninna di på video-Skype, for å føle deg mindre åleine? Treng du å kome deg ut og gå, men ikkje finner motivasjonen? Sei det!


Det eg trur vi er redde for er å vere til bry for andre, sidan alle har det så travelt no. Men det eg òg trur, er at ingen av desse tinga vil vere til bry for nokon. Å be nokon snakke med deg kan gi dei den pausen dei òg treng frå alt dette. Å ha deg på Skype medan du lagar mat eller studerer, kan òg gjere at den du snakkar med føler seg mindre einsam. Å gå tur med nokon (med god avstand, eller på telefon!) kan vere akkurat det dei treng òg. Så det er ikkje egoistisk å be om hjelp. Det kan vere godt for alle partar.


Så vil eg berre seie at dersom det er nokon som les dette, kjentskap eller ikkje, som føler litt på einsemd eller vanskelege kjensler rundt dette, eller som berre har lyst å chatte/snakke, så ta gjerne kontakt! Eg er ingen psykolog, men eg kan vere eit menneske å prate med om det du har behov for. Vi er saman om dette :)


Og om du har ein i familien/vennekretsen din som du veit har slitt, eller kanskje ikkje likar seg så godt åleine, eller som du ikkje høyrer så mykje frå om dagane, ta kontakt med dei! Gjerne sjølv om det virker som det går bra med dei òg. Berre høyr for sikkerheits skuld. Det er aldri farleg å spør korleis det går. Du kjem ikkje til å angre på det :)


Til slutt vil eg berre dele nokre av psykologspesialist Arnhild Lauveng sine tips om korleis å kome seg gjennom dette lettare:


- Prøv å følge vanlege rutiner i størst mogleg grad. Sjølv om du ikkje skal på jobb, og andre tilbod er stengt, så stå opp til vanlig tid. Lag gjerne en plan for dagen.


- Hugs å gjere nokre hyggelege ting innimellom! Sjå på TV, les, rydd, ver kreativ viss du likar det, høyr musikk, lag mat, bak – kva som helst som du likar.


- Det er viktig med frisk luft og bevegelse. Gå en tur, rør litt på deg utandørs. Viss du har bil kan du køyre til eit friluftsområde unna folk.


- Det er òg viktig med sosial kontakt. Ring eller send SMS. Avtal videomøter. Spis middag og lunsj og drikk kaffe saman med andre – mens de sitter kvar for dykk, men har kontakt på telefon eller Skype.


- Tenk over korleis du ønsker å bruke sosiale medier i denne situasjonen. Bruk dei offisielle sidene frå Folkehelseinstituttet som kjelde. Det som står der er sikker informasjon.


- Karantene og isolasjon kan føre til mer angst, depresjon og sinne hos en del mennesker. Viss det gjelder deg, kan du ta kontakt med psykisk helseteam i kommunen, fastlegen din, eller ein av de frivillege telefontenestene som Mental helse sin hjelpetelefon, eller Kirkens SOS.


Ta vare på kvarandre!


Klem Metha



©2020 Metha i Lida

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now