• Metha i Lida

Undervisning!

For eit par veker sidan var eg på ein barneskule to måndagar frå 12.00 til 14.30 og underviste for 6. og 7. klasse i teikning! Det var gøøøy :) Eg var litt spent på vanskelegheitsgrada eg skulle gå for, for eg kjenner ingen 6.- eller 7.-klassingar, så eg veit ikkje kor mykje dei kan, men vi gjekk for steg-for-steg teikning; eitt av ein ørn, og eitt portrett.


Vi begynte med ørnen, og det var veldig kjekt, fordi elevane fekk meistringsfølelse med ein gong! Dei var kjempeflinke, og klare for nytt prosjekt. Berre sjå kor flinke dei var! (delt med tillatelse)



Det kjekkaste var kor engasjerte både jentene og gutane var! Dei var veldig klare for å teikne då eg kom, og hadde mange spørsmål om kva dei kunne gjere for å gjere det betre. Og dei tok i bruk tips veldig godt!


Etter ørna begynte vi som sagt på portrett, med ein steg-for-steg teikning av portrett, som eg hadde laga, og det var litt meir vanskeleg! Så det tok vi opp igjen veka etterpå, og jobba meir med detaljar, og då blei det kjempebra! Berre sjå!



Så hadde vi ein anna øvelse til slutt :) Det beste var då den eine eleven på slutten av dagen sa "Eg føler eg har lært å teikne i dag!" Det var musikk for øyrene :D


Så undervisning i teikning gav definitivt meirsmak! Og mange idéar til framtida :) Hihi


Eg håpar alle som les dette får ein fin sommar <3


Klem Metha





©2020 Metha i Lida

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now