Kunstutstilling

Eg er med i ein maleklubb som heiter Klubb 13! Og vi skal no ha ein digital salsutstilling på Facebook, og den starter fredag, 20. november kl 19 :) Så ta turen inn på "Klubb 13" sin Facebookside i løpet av helga dersom du er interessert :)
Komande utstilling: Ein hyllest til sinnet
Foreløpig utsatt pga korona
Den neste salsutstillinga er dedikert til sinnet.
Den skulle eigentleg vere helga etter påska, men på grunn av korona måtte den utsetjast. Det kjem ny dato når vi veit meir :)
Gjennomført kunstutstilling: Natur
5. og 6. oktober 2019 i Førdehuset
Denne utstillinga var inspirert av, og dedikert til, det nydelege landskapet på Vestlandet i Noreg, og på Færøyane.
Det var ein utruleg koseleg utstilling, med mange oppmøtte, og mange koselege stundar. I tillegg vart mange måleri og fotografi solgt, og du kan sjå eit utval av desse under her. Resten ligg i galleriet :)