Ingen må vite det

Ingen må vite det

av Metha i Lida

 

Kva boka handlar om (frå baksida av boka):

Metha i Lida har som tenåring ein klar plan for framtida. Ho skal bli lege, kjøpe hus og stifte familie. Ein djup depresjon, som ho gjer alt ho kan for å skjule, set alle planar på vent. 24 år gammal forsøker ho å ta livet sitt. Ingen veit kor vanskeleg ho har det før sjølvmordsforsøket - ingen må vite det!


Kva går gjennom hovudet til Metha i sekunda før ho prøver å ta livet sitt? Korleis går det med henne når ho overlever og må starte på nytt etter å ha fått diagnosen bipolar type 2? Metha inviterer oss inn i psyken sin, når ho er så langt nede som det er mogeleg å komme. Og fortel om den lange reisa tilbake til seg sjølv, med hjelp frå familie og helsevesen.


I boka gjev ho eit brutalt og ærleg bilete av depresjon, hypomani, suicidalitet, psykisk helse og korleis ho har komme seg vidare etter at ho fekk diagnosen ho må leve med resten av livet.


- Er det éin ting eg har lært dei siste åra, så er det at utruleg mykje vondt kunne vore unngått om eg berre hadde snakka om det. Med kven som helst. Nokon skulle fått vite det.

Kvifor eg skreiv boka:


Vi har alle høyrt om depresjon, bipolar liding og angst, men kva betyr det eigentleg å ha desse lidingane? Korleis ser det ut? Korleis følest det? Og kva i alle dagar kan få ein person til å ville ta livet sitt?


Det er mange ting vi framleis ikkje veit om psykisk helse og psykiske lidingar, men ein ting eg har funne ut er at å dele eigne erfaringar har hjelpt meg. I denne boka fortel eg brutalt ærleg om den mørkaste tida i livet mitt. Ved hjelp av den indre dialogen får lesaren innblikk i korleis det var for meg å vere psykisk sjuk, kvifor eg følte at sjølvmord var einaste utveg, og korleis eg kom meg vidare etter å ha fått ein psykiatrisk diagnose som eg absolutt ikkje ville ha.

Sagt om boka:

For ei bok! Mest spennende og informative egenberetning om bipolaritet jeg har lest. Inngående om alle sider som aldri blir kjedelig. Det er mesterlig. Men framfor alt: Dette er jo litt av en roman! Jeg fikk assosiasjoner til “Mitt urolige sinn” og “Glassklokken.” Språket er fabelaktig.


- Per Bergsholm, Spesialist i nevrologi og psykiatri, som hadde behandling av stemningslidingar som hovudinteresseområde i karrieren.

 

Kjøp av boka

Boka kostar 298,- og kan kjøpast eller bestillast i bokbutikkar og i nettbutikkane, mellom anna her:

Dersom du ønsker ein signert versjon, kan du kjøpe dette av meg.

Då tar du berre kontakt her, og skriv om du sjølv hentar boka eller ønsker å få den tilsendt.

Sendingskostnadar vil då kome i tillegg.

 

©2020 Metha i Lida

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now