Lengre dikt
Smittsam
Du er alltid smittsam.
Men det er ikkje alltid virus
du smittar med.
Nokon smittar med humøret sitt.
Kanskje med eit smil,
eller med ein roleg veremåte.
Nokon smittar med andre ting,
som sinne, irritasjon
og ei kjensle av urettferd.
Verst av alt er hat
som smittar lettare enn
dei fleste typar virus.
Men éin ting smittar heldigvis lettare
enn alt anna i verda,
og det er det vakraste som finnast.
Det er omsorg og snillheit,
altruisme og kjærleik.
Det er det som får verda til å gå rundt.
Så tenk over kva du spreier,
for du veit aldri kven
som er i enden av smittekjeden.
Og hugs at du må aktivt stoppe
det som du ønskjer å slutte spreiinga av
ved hjelp av smittedugnad.
Metha i Lida
Kjærleikens band
Lat meg ikkje verte knytt av kjærleikens band
Ei heller sveve på ein rosa sky
Lat ikkje kjærleiken gjere meg blind
Eller få meg til å erobre verda ved morgongry
Lat meg ikkje verte knytt, fordi
Då kan eg ikkje springe så fort som eg vil
Og når eg vert elska av deg får eg lyst
Til å springe så fort som eg kan, av og til
Lat meg ikkje sveve på ein rosa sky, fordi
Det er så kaldt der oppe i det blå
Nei, lat meg heller ligge i armkroken din
Trygt på bakken, når himmelen er grå
Lat meg ikkje verte blind, fordi
Då kan eg ikkje sjå på deg ete frukost kvar dag
Medan eg undrast over korleis eg vart så heldig
Som får nyte ditt andlet kvar gong vi er ilag
Lat meg ikkje erobre verda, fordi
Då har eg ikkje tid til å høyre på deg
Fortelje meg om dagen din
Og klage over kollegaer sine feilsteg
Lat meg heller verte løfta av kjærleiken
Opp så høgt vi begge ønskjer å vere
Og der vi lenge klarer å bli
Og kan overleve flo, samt fjære
Lat meg verte inspirert til å prøve nye ting
Saman med deg, så vel som åleine
Så eg kan oppleve ditt liv saman med deg
Og gjennom forteljingane dine
Lat kjærleiken setje meg fri
Fri frå alle band og forpliktingar eg har
Så eg kan gjere det eg før ikkje turte
Og verte fri for den byrda eg bar
Mest av alt, lat kjærleiken vere kvardagar
Fordi det er då eg elskar deg mest
I den rolege, vanlege kvardagen med deg
Det er då eg har det best
Metha i Lida
La det stå
La alt som skjedde
Oss imellom
Stå
Ikkje puss det
Til det skin
Eller fjern det
Frå ditt sinn
Ikkje gjer det
Til noko
Det aldri kunne bli
La det vere
La det stå
Men mest av alt
La meg gå
Metha i Lida
Sjølvkritikaren
Av alt eg ser
Av menneske, fjell og fjord
Er du den som skil seg ut
Alt eg ser
Som ikkje er deg
Vert bakgrunnsstøy og forsvinn
Du står der
Fin, vakker, perfekt
Med ditt dømmande blikk
Du dømmar alt eg gjer
Det eg ikkje gjer
Alt eg seier og ikkje seier
Heilt til alt eg ser
Er alt som feilar meg
Alt som skil meg frå deg
Du, ditt perfekte vesen
Det er du som er alt eg ser
Og det er du som ser alt eg er
Metha i Lida
La meg gå
Dersom du hadde innsett
Som eg har
At eg allereie er vekke
At eg ikkje er meg
Kun smerte i menneskeform
Framand for alle
At alt som er igjen
Er smerte, fortvilelse
Og elendigheit
Då hadde du forstått
Som eg har
At det er inga grunn til å prøve
Inga grunn til å sørge
Det einaste du kan gjere
Er å la meg gå
Metha i Lida