Exhibits | Metha i Lida
top of page

Art exhibits

Here is my art exhibit, "Bipolarity at it's most beautiful", 1st - 3rd of April 2023

ART EXHIBIT, APRIL 1. - 3. 2023

Kjærleiken_imellom_oss.jpg

@ Huldri Galleri

BIPOLARITY AT ITS MOST BEAUTIFUL

Bipolaritet har fleire tydingar. Det er ein diagnose (som eg har), og det er eit ord som beskriv noko som har to ulike polar eller ladningar. Sjukdommen bipolar er ikkje vakker, og eg skulle gjerne vore den forutan. Men det betyr ikkje at ein ikkje kan få til vakre ting sjølv om ein har den. Det er trass alt noko vakkert i motsetningar, og eg har i det siste leika med motsetningar i kunsten – motsetningar i samspel.

​

Motpolar vert jo tiltrekt av einannan. Så kva skjer når motpolane møtast i midten? Det er det eg prøver å gjere med denne sjukdommen – å hindre at eg er for mykje på den eine eller andre polen. I staden for skal eg finne eit rom i midten – men for all del, ikkje ein flat strek (for vi veit alle kva ein flat strek indikerer). Nei, ein plass som rommar det aller vakraste av alt – livet, med alle sine opp- og nedturar. Og nokre turar til sida. Og nokre forbi. Og nokre gjennom. Og litt rundt og rundt. Og så tilbake igjen. Og eit lite hopp. Du skjønar teikninga. Livet er rotete, uforutsigbart, motsigande og vakkert.

​

Kan ein ta det beste frå den eine motparten og det beste frå den andre og lage noko vakkert i midten? Det er det eg ønsker å utforske med denne utstillinga.

​

Opningstider:
Laurdag 1. april kl. 13:00 – 18:00
Søndag 2. april kl. 12:00 – 17:00
Måndag 3. april kl. 17:00 – 21:00

​

Laurdag 1. april opnar dørene på Huldri Galleri kl. 13:00

med velkomstdrink og mingling - det er gratis inngang.

​

Kl. 14:00 skal eg fortelje litt om bileta som er utstilte og boka mi, «Ingen må vite det».

Boka handlar om korleis livet og utfordringane mine vart meir overkommelege når eg lærte meg å snakke om korleis eg har det, og at det førte til behandling og at eg fekk eit nytt syn på psykisk helse, noko som redda livet mitt.

​

Det vert høve til å kjøpe boka på staden, og det vert sal av lodd alle dagane, der vinnarane vert trekt måndag. Det vert loddtrekning om to premier:

​

- Signert eksemplar av «Ingen må vite det»
- Valfri plakat av line art – det vert nokre utstilte eksemplar ein kan velje mellom

​

Eg gler meg til å sjå deg der!

Here is a little video of my last exhibit that took place 10th-12th of June 2022:

(I apologize for the poor quality)

The video has no sound

Flyer-Utstilling-2022-med-endelig-tidspunkt_edited.jpg

Completed exhibit

From Chaos to Art

​

10th, 11th, and 12th of June in Førdehuset, Førde, Norway

​

June 10th: 17:00 - 22:00

June 11th: 12:00 - 18:00

June 12th: 12:00 - 16:00

FLYER UTSTILLING_edited.jpg
FERDIG_edited.jpg

Completed exhibit,

2019

FERDIG_edited.jpg
bottom of page