top of page

Utstillinger

Tredje utstilling:
1. - 3. april 2023

April2023.jpg

BIPOLARITET PÅ SITT VAKRASTE

Bipolaritet har fleire tydingar. Det er ein diagnose (som eg har), og det er eit ord som beskriv noko som har to ulike polar eller ladningar. Sjukdommen bipolar er ikkje vakker, og eg skulle gjerne vore den forutan. Men det betyr ikkje at ein ikkje kan få til vakre ting sjølv om ein har den. Det er trass alt noko vakkert i motsetningar, og eg har i det siste leika med motsetningar i kunsten – motsetningar i samspel.

​

Motpolar vert jo tiltrekt av einannan. Så kva skjer når motpolane møtast i midten? Det er det eg prøver å gjere med denne sjukdommen – å hindre at eg er for mykje på den eine eller andre polen. I staden for skal eg finne eit rom i midten – men for all del, ikkje ein flat strek (for vi veit alle kva ein flat strek indikerer). Nei, ein plass som rommar det aller vakraste av alt – livet, med alle sine opp- og nedturar. Og nokre turar til sida. Og nokre forbi. Og nokre gjennom. Og litt rundt og rundt. Og så tilbake igjen. Og eit lite hopp. Du skjønar teikninga. Livet er rotete, uforutsigbart, motsigande og vakkert.

​

Kan ein ta det beste frå den eine motparten og det beste frå den andre og lage noko vakkert i midten? Det er det eg ønsker å utforske med denne utstillinga.

​​

Firda-artikkel frå utstillinga:

Screenshot_20240819_194431_Chrome.jpg

Her er ein video av utstillinga "Bipolaritet på sitt vakraste":

Andre utstilling:
10. - 12. juni 2022

FLYER UTSTILLING.jpg

Her er en video av utstillingen som var i Førdehuset 10.-12. juni 2022:

(Beklager den dårlige kvaliteten)

Videoen har ingen lyd

Første utstilling: 2019

FERDIG.png

Firda-artikkel frå utstillinga:​

Screenshot_20240819_194058_Chrome.jpg
bottom of page