Hei!

Eg heiter Metha i Lida.

Eg har alltid vore fascinert av menneske. Mest av alt det mennesker ikkje seier med munnen, men uttrykker på andre måtar. Det vi gjer. Det som skjer når vi tar ein blyant ned på eit papir. Det vi skriv ned og gøymer, i staden for å snakke om det. Det vi ubevisst formidlar via kroppspråk, som ikkje kjem fram verbalt. Det auga våre skrik ut, når vi prøver å seie noko som ikkje er sant. Det som ligg inne i oss, som desperat prøver å kome ut, men som vi, av mange ulike grunnar, ikkje føler at vi kan dele.


Gjennom tenåra og i byringa av 20-åra sleit eg psykisk. I det stille. Eg følte ikkje at eg kunne seie til nokon korleis eg hadde det, eller kva eg tenkte, fordi det ikkje passa overeins med korleis eg trudde alle andre var, og eg ville ikkje bli sett på som annleis. For det er vel det vi menneske i bunn og grunn er redde for, er ikkje det? Å ikkje passe inn? Bli utstøytt? Men det eg har funne ut er at det finnes ingen perfekte menneske - det er det som er så perfekt med menneskeheita!


Vi har alle dagar der vi berre har lyst å gå og legge oss klokka fire på ettermiddagen, for at dagen skal vere over. Vi har alle av og til vonde tankar om oss sjølv, og om andre. Vi er alle redde for at vi ikkje er gode nok. Vi er alle redde for å fortelje nokon sanninga når vi ikkje har det bra, fordi vi ikkje vil virke sytete, eller at nokon ikkje skal like oss. Ingen av oss er perfekte, og det er akkurat det som gjer oss perfekte, akkurat som vi er.

Kunsten eg lagar er heller ikkje perfekt. Eg er ikkje den neste Rembrandt, eg har ikkje kunstutdanning, og teknikken eg kan har eg stort sett lært på youtube. Eg drikker ikkje vin til frukost, lunsj og middag, og eg drar ikkje på inspirasjonsturar til Italia. Eg er Metha. Eg malar det eg har lyst til, når eg har lyst. Ofte malar eg mange ting på same tid, fordi inspirasjonen til ulike maleri kjem på ulike tidspunkt. Og når eg ikkje malar, så skriv eg. Det eg skriv varierer mellom å få orda i hovudet mitt ned på papir, og å flykte til eit heilt anna land, og skape nye eventyr eg kan leve meg inn i. 

Eg tenkjer veldig mykje. Eg er rotete. Eg er usikker på meg sjølv som person og kunstnar (eg får framleis ilt i magen av å kalle meg sjølv det, men eg prøver å venne meg til det). Men eg elskar å male. Og eg elskar å skrive. Og å bli kjent med mennesker sine historier. Finne ut kven dei er, og kva i deira liv som har forma dei til den dei er. Så eg kjem til å halde fram med å vere meg sjølv, og male og skrive og ta fotografi. Fordi det er meg. Og du er hjarteleg velkomen å sjå på kunsten min, og dele dine meiningar om den, om du følar for det.

Om det er noko du lurar på, så håpar eg ikkje du nølar med å ta kontakt, for eg synes det er veldig kjekt å snakke med nye menneske!

 
 

©2020 Metha i Lida

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now